HAUSTINFORMASJON

VELKOMEN TIL INVIA AS!

HAUSTINFORMASJON

Dette har vore litt av eit år så langt!
 Etter å ha vore nedstengt frå midten av mars til midten av mai, hadde vi eit stort etterslep vi måtte ta igjen i løpet av sommaren. Vi har jobba oss gjennom sommaren med lange dagar og litt helgejobbing. Nesten alle som blei berørt av nedstenginga har no enten fått kjørt opp eller er klare til det. 

Utfordringa no er ventetid på oppkjøring. Dette er noko Statens Vegvesen jobbar aktivt med, og er utenafor vår kontroll. 

Samtidig har vi opplevd ein fin tilgong på nye elevar! Fortsetter det slik som dette ser vi absolutt ikkje mørkt på resten av 2020. Auken har og vore markant på elevar som ønskjer førarkort på automatgir. 

Utover hausten fortsetter vi smittevernstiltaka.
- Vi vasker bilane
- Vi vasker hendene
- Vi møter ikkje sjuke til kjøretimane

Når det kjem til trafikale grunnkurs blir dei kun haldne på lokalet vårt på Leirvik og lokalet på Husnes (Kestbygget). Kommunane leiger ikkje ut klasserom i desse tider. Vi merker stor pågong på trafikale grunnkurs, så ver tidlig med å bestille deg plass. 

Trafikant i mørket-sesongen startar i oktober. I år kjører vi KUN med to elevar i bilen. Dette vil føra til litt lenger ventetid på å få gjennomført kurset, men vi skal jobba så hardt vi kan. 

MC-sesongen er avslutta for i år. 


Messenger